14. Den kjære Lukas, legen, helsar dykk, like eins Demas.
15. Hels syskena i Laodikea, og Nymfa og forsamlinga som kjem saman i hennar hus.
16. Når dette brevet er opplese hos dykk, skal de sørgja for at det òg blir opplese i forsamlinga i Laodikea, og at brevet frå Laodikea blir opplese hos dykk.
17. Sei til Arkippos: Sjå til at du fullfører den tenesta du har fått for Herren.
18. Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand. Gløym ikkje lenkjene mine! Nåden vere med dykk!