Kolossarane 4:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. De som er herrar, far rett og rimeleg fram mot slavane dykkar, for de veit at de òg har ein herre i himmelen.

2. Ver uthaldande i bøna, vak og be og takk Gud!

3. Be for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi mysterium, det eg sit bunden for.

4. Be om at eg må få tala slik som eg skal når eg gjer det kjent.

5. Gå fram med visdom mellom dei som står utanfor, og bruk den dyrebare tida godt.

6. Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild.

7. Tykikos kjem til å fortelja dykk alt om korleis eg har det. Han er ein elska bror og ein trufast tenar og medarbeidar i Herren.

8. Eg sender han til dykk for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal trøysta hjarta dykkar.

9. Saman med han sender eg Onesimos, vår trufaste og elska bror, som er ein av dykkar eigne. Desse to kan fortelja dykk alt herifrå.

10. Aristarkos, som er i fengsel saman med meg, helsar dykk; det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. Han har de fått bod om tidlegare. Om han kjem, så ta vel imot han.

Kolossarane 4