Kolossarane 1:7-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Det var slik de lærte det av Epafras, vår kjære medarbeidar, som er ein trufast Kristi tenar for dykk.

8. Han har òg fortalt oss om den kjærleiken de har i Anden.

9. Heilt frå den dagen vi fekk høyra om dette, har vi ikkje halde opp med å be for dykk. Og det er vår bøn at de må bli fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom og innsikt som Anden gjev,

10. så de kan leva eit liv som er Herren verdig, og vera heilt og fullt til glede for han, bera frukt i all god gjerning og stadig veksa i kjennskap til Gud.

11. De skal styrkjast av krafta frå hans herlegdom, så de alltid er uthaldande og tolmodige. Og med glede

12. skal de takka Far, som gjorde dykk i stand til å få del i den arven dei heilage får i lyset.

13. For han har fria oss ut frå mørkrets makt og ført oss over i riket til Sonen, som han elskar.

14. I han er vi frikjøpte og har fått tilgjeving for syndene.

15. Han er biletet av den usynlege Gud,den førstefødde før alt det skapte.

16. For i han vart alt skapt,i himmelen og på jorda,det synlege og det usynlege,troner og herredøme,makter og åndskrefter –ved han og til han er alt skapt.

17. Han er før alt,og i han blir alt halde saman.

18. Han er hovudet for kroppen, som er kyrkja.Han er opphavet,den førstefødde frå dei døde,så han i eitt og alt skal vera den fremste.

19. For i han ville Gud la heile sin fylde bu,

20. og ved han ville Gud forsona alt med seg,det som er i himmelen, og det som er på jorda,då han skapte fred ved hans blod på krossen.

21. De òg var ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke med dei vonde gjerningane dykkar.

22. Men no har han forsona dykk med seg, då Kristus leid døden i sin kropp av kjøt og blod. Heilage, uklanderlege og utan feil ville han stilla dykk fram for seg,

23. så sant de blir ståande i trua, grunnfeste og støe, og ikkje lèt dykk riva bort frå håpet i evangeliet, det som de har høyrt. Det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det.

Kolossarane 1