Kolossarane 1:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, og vår bror Timoteus

2. helsar dei heilage i Kolossai, dei truande sysken i Kristus: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far!

3. Vi takkar alltid Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, når vi bed for dykk.

4. For vi har fått høyra om dykkar tru på Kristus Jesus og den kjærleiken de har til alle dei heilage

5. på grunn av det håpet som ventar dykk i himmelen. Det har de alt no fått høyra om gjennom det sanne ordet, evangeliet

6. som er kome til dykk. For i heile verda ber evangeliet frukt og breier seg ut. Det har det òg gjort hos dykk, heilt frå den dagen de høyrde det og i sanning fekk læra Guds nåde å kjenna.

7. Det var slik de lærte det av Epafras, vår kjære medarbeidar, som er ein trufast Kristi tenar for dykk.

8. Han har òg fortalt oss om den kjærleiken de har i Anden.

Kolossarane 1