Klagesongane 5:11-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Dei valdtek kvinnene i Sionog jomfruene i Judas byar.

12. Dei hengjer stormenn,ærar ikkje dei eldste.

13. Unge menn lyt slita med kverna,gutar sig under vedbøra.

14. Dei gamle sit ikkje lenger i porten,dei unge har slutta å syngja.

15. Vi har ikkje lenger glede i hjartet,dansen er omsnudd til sorg.

16. Kransen har falle av hovudet.Ve oss, vi har synda!

17. Hjartet har vorte sjukt,auga har vorte dimme.

18. For Sion-fjellet ligg audt,revar streifar omkring der.

19. Du, Herre, tronar til evig tid,din kongsstol står frå slekt til slekt.

Klagesongane 5