Klagesongane 4:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Gullet har mista sin glans,det fine gullet er forandra!Dei heilage steinane ligg strøddepå alle gatehjørne.Bet ב

2. Sions utvalde søner,verde si vekt i gull,blir rekna som leirkar,eit verk av pottemakarhand!Gimel ג

3. Jamvel sjakalar held spenane fram,dei lèt ungane suga.Men folket, mi dotter, har vorte hjartelaustsom strutsen i ørkenen.Dalet ד

4. Spedborna er tørste,tunga klistrar seg til ganen.Småborna tiggar om brød,men ingen gjev dei ein bit.He ה

5. Dei som åt lekre retter,fell om i gatene.Dei som vart fostra opp i skarlak,kastar seg over dungane.Waw ו

6. Skulda til folket, mi dotter,er større enn synda i Sodoma,som brått vart øydelagdutan at nokon hadde rørt henne.Zajin ז

7. Dei innvigde i folket mitt var reinare enn snø,meir skinande enn mjølk.Kroppen deira var raudare enn korallar,lemene var av safir.Het ח

Klagesongane 4