Klagesongane 3:8-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Sjølv når eg skrik og ropar om hjelp,stengjer han bøna mi ute.

9. Han har sperra vegen med steinblokker,gjort stigane mine krokete.Dalet ד

10. Ein bjørn som ligg på lur,ei løve i bakhald er han mot meg.

11. Han har ført meg på villspor,rive meg sund og øydelagt meg.

12. Han har spent bogenog stilt meg opp som mål for pila.He ה

13. Inn i nyrenehar han skote sine piler.

14. Eg har vorte til latter for alt mitt folk,dei syng om meg heile dagen.

15. Med beiske urter har han metta meg,han har sløkt tørsten min med malurt.Waw ו

16. Han har knust tennene mine med grus,trakka meg ned i støvet.

17. Du har teke freden frå meg,eg har gløymt kva det gode er.

18. Eg sa: Mi ære har gått tapt,eg har inga von til Herren.Zajin ז

19. Tenk på mi naud og heimløyse.Dei er malurt og gift.

20. Eg tenkjer på det heile tida,mi sjel er nedtrykt.

21. Men éin ting legg eg meg på hjartet,og dette gjev meg von:Het ח

22. Herren er nådig, vi går ikkje til grunne.Hans miskunn tek ikkje slutt,

23. ho er ny kvar morgon.Din truskap er stor.

Klagesongane 3