Klagesongane 3:50-63 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

50. før Herren vender blikketog ser ned frå himmelen.

51. Det gjer vondt å sjåkvinnene i byen min.Tsade צ

52. Utan grunn har mine fiendarjaga meg som ein fugl.

53. Dei dreiv meg ned i brønnenog kasta stein over meg.

54. Vatnet stig over hovudet mitt,eg seier: Det er ute med meg.Qof ק

55. Eg kallar på ditt namn, Herre,frå botnen av brønnen.

56. Du har høyrt meg,lukk ikkje øyret når eg ropar om lindring!

57. Du kom den dagen eg ropa,du sa: Ver ikkje redd!Resj ר

58. Du har ført saka mi, Herre,du har løyst ut livet mitt.

59. Du har sett kva urett eg lid, Herre, hjelp meg til min rett!

60. Du har sett hemnlysta deira,kva for planar dei har med meg.Sjin ש

61. Du har høyrt spotten deira, Herre,kva for planar dei har mot meg.

62. Uvenene mine tiskar og kviskrarom meg dagen lang.

63. Sjå dei der dei sit og står,dei syng nidviser om meg.Taw ת

Klagesongane 3