46. Alle fiendane våregapar mot oss.
47. Det vart gru og grav,krasing og knusing.
48. Tårer strøymer frå auget,folket, mi dotter, er knust.Ajin ע
49. Auget fløymer over utan stans,det tek ikkje slutt
50. før Herren vender blikketog ser ned frå himmelen.
51. Det gjer vondt å sjåkvinnene i byen min.Tsade צ
52. Utan grunn har mine fiendarjaga meg som ein fugl.
53. Dei dreiv meg ned i brønnenog kasta stein over meg.
54. Vatnet stig over hovudet mitt,eg seier: Det er ute med meg.Qof ק
55. Eg kallar på ditt namn, Herre,frå botnen av brønnen.
56. Du har høyrt meg,lukk ikkje øyret når eg ropar om lindring!
57. Du kom den dagen eg ropa,du sa: Ver ikkje redd!Resj ר
58. Du har ført saka mi, Herre,du har løyst ut livet mitt.
59. Du har sett kva urett eg lid, Herre, hjelp meg til min rett!