Klagesongane 3:40-57 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

40. Lat oss ransaka og prøva våre vegarog venda om til Herren!

41. Lat oss lyfta hjarte og hendertil Gud i himmelen!

42. Vi har gjort opprør og vore trassige,og du tilgav ikkje.Samek ס

43. Du dekte deg med vreide og jaga oss,du drap, du sparte ingen.

44. Du dekte deg med skyer,inga bøn rakk fram.

45. Du gjorde oss til skrap og skrotmellom folka.Pe פ

46. Alle fiendane våregapar mot oss.

47. Det vart gru og grav,krasing og knusing.

48. Tårer strøymer frå auget,folket, mi dotter, er knust.Ajin ע

49. Auget fløymer over utan stans,det tek ikkje slutt

50. før Herren vender blikketog ser ned frå himmelen.

51. Det gjer vondt å sjåkvinnene i byen min.Tsade צ

52. Utan grunn har mine fiendarjaga meg som ein fugl.

53. Dei dreiv meg ned i brønnenog kasta stein over meg.

54. Vatnet stig over hovudet mitt,eg seier: Det er ute med meg.Qof ק

55. Eg kallar på ditt namn, Herre,frå botnen av brønnen.

56. Du har høyrt meg,lukk ikkje øyret når eg ropar om lindring!

57. Du kom den dagen eg ropa,du sa: Ver ikkje redd!Resj ר

Klagesongane 3