Klagesongane 3:28-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Når det blir lagt på han,skal han sitja einsam og teia,

29. leggja munnen i støvet,kanskje er det von.

30. Han skal snu kinnet til den som slår,og mettast med spott.Kaf כ

31. Herren støyter ingen bortfor alle tider.

32. Har han late nokon lida,skal han visa miskunn, rik på kjærleik.

33. Det er ikkje med lett hjartehan plagar mennesket og lèt det lida.Lamed ל

34. Dei kan trakka påalle fangar i landet.

35. Dei kan krenkja retten til ein mannfor auga på Den høgste.

36. Dei kan fordreia saka til eit menneske,men Herren har sett det.Mem מ

37. Kven kan tala så det henderom ikkje Herren har bode det?

38. Kjem ikkje både vondt og godtfrå Den høgstes munn?

39. Kvifor klagar den som lever?Kvifor klagar ein mann over si synd?Nun נ

40. Lat oss ransaka og prøva våre vegarog venda om til Herren!

Klagesongane 3