Klagesongane 3:19-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Tenk på mi naud og heimløyse.Dei er malurt og gift.

20. Eg tenkjer på det heile tida,mi sjel er nedtrykt.

21. Men éin ting legg eg meg på hjartet,og dette gjev meg von:Het ח

22. Herren er nådig, vi går ikkje til grunne.Hans miskunn tek ikkje slutt,

23. ho er ny kvar morgon.Din truskap er stor.

24. Eg seier: Herren er min del,eg set mi von til han.Tet ט

25. Herren er god mot deisom ventar på han og søkjer han.

26. Det er godt å vera stilleog venta på hjelp frå Herren.

27. Det er godt for ein mannå bera åk medan han er ung.Jod י

28. Når det blir lagt på han,skal han sitja einsam og teia,

29. leggja munnen i støvet,kanskje er det von.

30. Han skal snu kinnet til den som slår,og mettast med spott.Kaf כ

31. Herren støyter ingen bortfor alle tider.

32. Har han late nokon lida,skal han visa miskunn, rik på kjærleik.

33. Det er ikkje med lett hjartehan plagar mennesket og lèt det lida.Lamed ל

34. Dei kan trakka påalle fangar i landet.

35. Dei kan krenkja retten til ein mannfor auga på Den høgste.

36. Dei kan fordreia saka til eit menneske,men Herren har sett det.Mem מ

37. Kven kan tala så det henderom ikkje Herren har bode det?

Klagesongane 3