1. Eg er ein mann som har opplevd naudunder staven han brukte i sinne.
2. Han har ført meg og late meg gåi mørker og ikkje i lys.
3. Han har vendt handa mot meggong på gong, utan stans.Bet ב
4. Han har knust knoklane mine,late kjøt og hud tærast bort.
5. Han har bygd ein mur mot meg,kringsett meg med gift og motgang.
6. På mørke stader lèt han meg bulik dei som døydde for lenge sidan.Gimel ג
7. Han har mura meg inne, eg kjem ikkje ut,han har gjort lenkjene tunge.
8. Sjølv når eg skrik og ropar om hjelp,stengjer han bøna mi ute.