Klagesongane 2:17-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Herren har gjort som han tenkte,han har oppfylt ordet sitt,det han har kunngjort frå gammal tid.Han reiv ned utan skånsel,lét din motstandar gleda segog lyfte hornet til fienden.Tsade צ

18. Hjartet ropar til Herren.Lat tårene renna som bekker,du mur rundt dotter Sion,både dag og natt!Unn deg ikkje kvile,lat ikkje auget få ro!Qof ק

19. Stå opp, rop høgt om natta,rop ved kvar nattevakt.Aus hjartet ditt ut som vatnfor Herrens andlet.Lyft hendene til hanfor livet til småborna dine,som forgår av svoltpå alle gatehjørne.Resj ר

20. Sjå, Herre,sjå kven du har gjort dette med!Skal kvinner eta borna sine,småborna dei ber på armen?Skal prest og profet bli drepnei Herrens heilagdom?Sjin ש

21. Unge og gamle liggpå bakken ute i gatene.Mine unge jenter og gutarhar falle for sverd.Du drap dei på din vreidedag,du slakta utan skånsel.Taw ת

22. Slik du samlar folket ein høgtidsdag,kalla du saman redsler frå alle kantar.Ingen slapp unna, ingen overlevdepå Herrens vreidedag.Dei eg hadde bore og fostra,gjorde fienden ende på.

Klagesongane 2