Klagesongane 1:5-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Motstandarane har vorte herrar,fienden lever trygt. Herren har late henne lidafor hennar mange synder.Fienden dreiv småbornaframfor seg som fangar.Waw ו

6. Dotter Sion mistaall si prakt.Hovdingane hennar likna hjortarsom ikkje finn beite.Kraftlause gjekk deiframfor han som jaga.Zajin ז

7. Jerusalem minnest, heimlaus, i naud,fortids prakt.Folket fall for fiendehand,ingen hjelpar fanst.Fienden såg på og lomedan ho gjekk under.Het ח

8. Jerusalem har synda grovt,difor er ho urein.Alle som æra henne,foraktar henne,dei har sett henne naken.Ho stønnar og snur seg bort.Tet ט

9. Ureinskapen viste på kappa,ho tenkte ikkje det skulle enda slik.Djupt sokk ho,ingen trøysta henne. Herre, sjå mi naud,fienden triumferer!Jod י

10. Fienden greipetter skattane hennar.Ho såg folkeslagagå inn i heilagdomen,dei du nekta å komainn i di forsamling.Kaf כ

11. Alt folket hennar stønnarmedan dei leitar etter brød.Dei byter skattar mot matfor å berga livet.Sjå, Herre, sjå hit!Eg er forakta.Lamed ל

12. Sjå hit,de som går forbi på vegen.Finst det ei smerte som mi,den som har råka meg?Den lèt Herren meg lidapå sin brennande vreidedag.Mem מ

Klagesongane 1