Klagesongane 1:14-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Med handa knytte han syndene mine i hop,dei vart bundne saman til eit åk.Dei låg over nakken på meg,og kreftene svikta.Herren gav meg i hendenepå folk eg ikkje kunne stå meg imot.Samek ס

15. Herren vrakaalle mine krigarar.Han ropa ut for meg ei høgtiddå mine unge menn skulle knusast.I vinpressa trakka Herren nedjomfrua, dotter Juda.Ajin ע

16. Difor græt eg,tårene strøymer frå auga.Den som kan trøysta og berga mitt liv,er langt borte frå meg.Borna mine ligg forlatne,fienden var for sterk.Pe פ

17. Sion rette ut hendene,ingen trøysta henne. Herren gav påbod om Jakob,fienden omringa han.Då vart Jerusalemurein for dei.Tsade צ

18. Herren er rettferdig.Eg hadde trassa det han sa.Høyr då på meg, alle folk,sjå kor eg lid!Unge jenter og gutarmåtte gå i fangenskap.Qof ק

19. Eg ropa på elskarane mine,dei sveik meg.Prestane mine og dei eldstedøydde i byen.Dei leita etter matså dei kunne berga livet.Resj ר

20. Sjå, Herre, eg er i naud.Magen er uroleg,hjartet vrid seg.For eg var full av trass.Ute har sverd gjort meg barnlaus,inne rår døden.Sjin ש

Klagesongane 1