Klagesongane 1:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Einsam sit ho,den folkerike byen.Ho har vorte enkje,den store mellom folka.Dronninga mellom landahar vorte slave.Bet ב

2. Ho græt om natta,kinnet er vått av tårer.Ingen av elskaranetrøystar henne.Venene har svike,dei har vorte fiendar.Gimel ג

3. Juda drog i eksiletter naud og slaveri.Ho bur mellom folka,finn ikkje kvile.Dei som jaga, tok henne attder det var trongast.Dalet ד

4. Vegane til Sion sørgjer,ingen kjem til festane.Byportane ligg aude,prestane sukkar.Ungjentene klagar,sjølv har ho bitter sorg.He ה

Klagesongane 1