Judas 1:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, helsar dei som er kalla, dei som er elska av Gud, vår Far, og haldne oppe for Jesus Kristus.

2. Miskunn, fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål!

3. Mine kjære! Eg har hatt eit inderleg ønske om å skriva til dykk om den frelsa som vi har saman. Men no ser eg meg nøydd til å senda dykk nokre formanande ord om å strida for den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage.

4. For det har snike seg inn visse folk mellom dykk, ugudelege menneske som for lenge sidan var oppskrivne til å bli dømde. Dei misbruker vår Guds nåde til eit liv i utskeiingar, og dei fornektar vår einaste herskar og Herre, Jesus Kristus.

5. Her er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut av Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru.

6. Og dei englane som ikkje tok vare på sin høge stand, men drog bort frå sin eigen bustad, dei held han bundne i mørker med evige lenkjer til dommen på den store dagen.

7. På same måten var det med Sodoma og Gomorra og nabobyane, der dei levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. Dei vart straffa med evig eld og ligg der som eit åtvarande eksempel.

8. Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syn skitnar dei til kroppen sin, forkastar Guds herredøme og spottar høge makter.

Judas 1