Josva 8:13-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Hæren stilte seg opp med ei avdeling nord for byen og ei i bakhald vest for byen. Den natta gjekk Josva ned i dalen.

14. Då kongen i Ai såg dette, rykte mennene i byen raskt ut for å møta israelittane i strid tidleg om morgonen. Kongen og heile hæren hans drog ut til samlingsplassen rett imot Araba-sletta. Han visste ikkje at det låg folk i bakhald på den andre sida av byen.

15. Josva og heile Israel lét som om dei vart slegne, og rømde føre dei mot ørkenen.

16. Alt mannskapet i byen var kalla ut for å forfølgja dei. Dei sette etter Josva og vart lokka bort frå byen.

17. Ikkje éin mann vart att i Ai; alle drog ut etter israelittane. Dei lét byen liggja open og forfølgde Israel.

18. Då sa Herren til Josva: «Rett sabelen du har i handa, ut mot Ai! For no gjev eg byen i dine hender.» Josva rette sabelen han hadde i handa, ut mot byen.

19. I det same han rette handa ut, kom dei raskt fram frå gøymestaden sin, dei som låg i bakhald, og storma inn i byen. Dei tok byen og sette han straks i brann.

20. Då mennene frå Ai snudde seg, fekk dei sjå røyken frå byen stiga opp mot himmelen. Men dei hadde ingen stad å rømma, korkje hit eller dit, for hæren som hadde rømt ut i ørkenen, vende seg no mot forfølgjarane.

Josva 8