3. Då dei kom tilbake til Josva, sa dei til han: «Ikkje send heile hæren! La to eller tre tusen mann dra opp og ta Ai. Ikkje slit ut heile hæren, for det bur så få der.»
4. Så drog om lag tre tusen mann av hæren dit. Men dei måtte rømma for folket i Ai,
5. som drap om lag trettiseks av dei. Dei forfølgde dei frå byporten heilt til steinbrota og drap dei på vegen nedover. Då smelta hjartet til folket bort og vart som vatn.
6. Josva reiv sund kleda sine og kasta seg ned med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste og vart liggjande heilt til kvelds, han og dei eldste i Israel. Dei strødde jord på hovudet.
7. Og Josva sa: «Å, Gud, min Herre! Kvifor førte du dette folket over Jordan? Var det for å gje oss over i hendene på amorittane og utsletta oss? Gjev vi hadde vorte verande på den andre sida av Jordan!
8. Høyr meg, Herre! Kva skal eg seia no når Israel har måtta snu ryggen til fienden og rømma?
9. Når kanaanearane og alle dei andre som bur her i landet, får høyra om dette, kjem dei til å omringa oss og utsletta namna våre frå jorda. Kva vil du då gjera for ditt store namn?»
10. Då sa Herren til Josva: «Reis deg opp! Kvifor ligg du slik med andletet mot jorda?
11. Israel har synda! Dei har brote den pakta eg baud dei å halda, dei har teke av det bannlyste godset, dei har stole det og gøymt det bort innimellom sine eigne ting.
12. Difor kan ikkje israelittane stå seg mot fiendane. Dei må snu ryggen til dei og rømma fordi dei sjølve har vorte slegne med bann. Eg vil ikkje vera med dykk dersom de ikkje øydelegg det bannlyste godset som finst hos dykk.
13. Reis deg og gjer folket reint og heilagt! Du skal seia: Helga dykk til i morgon! For så seier Herren, Israels Gud: Du har bannlyst gods hos deg, Israel. Du kan ikkje stå deg mot fiendane før de har kvitta dykk med det bannlyste godset.
14. I morgon tidleg skal de stiga fram, stamme for stamme. Den stammen som Herren tek ut, skal stiga fram, slekt for slekt. Den slekta som Herren tek ut, skal stiga fram, familie for familie. Og den familien Herren tek ut, skal stiga fram, mann for mann.
15. Den som blir teken med bannlyst gods, skal brennast med eld, han og alt som høyrer han til. For han har brote Herrens pakt og gjort ei skammeleg gjerning i Israel.»