Josva 7:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Men israelittane var trulause og tok for seg av det bannlyste godset: Akan, son til Karmi, son til Sabdi, son til Serah frå Juda-stammen, tok av det. Då flamma Herrens vreide opp mot israelittane.

2. Josva sende nokre menn frå Jeriko til Ai, som ligg ved Bet-Aven, aust for Betel. Han sa til dei at dei skulle dra opp og spionera i landet. Og mennene drog opp og spionerte i Ai.

3. Då dei kom tilbake til Josva, sa dei til han: «Ikkje send heile hæren! La to eller tre tusen mann dra opp og ta Ai. Ikkje slit ut heile hæren, for det bur så få der.»

Josva 7