14. Sjå, eg skal gå den vegen som alt her på jorda må gå. Men de skal få røyna av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel at ingen av lovnadene som Herren gav dykk, slo feil. Alt har vorte oppfylt, ikkje eit ord slo feil.
15. Men liksom de har fått alt det gode Herren dykkar Gud lova dykk, skal Herren òg la alt det vonde han varsla, koma over dykk, heilt til han får utrydda dykk frå det gode landet som han gav dykk.
16. Dersom de bryt pakta som Herren dykkar Gud gjorde med dykk, og byrjar å dyrka andre gudar og bøyer dykk og tilbed dei, då vil Herrens vreide loga imot dykk, og de skal snart bli utrydda frå det gode landet han har gjeve dykk.