Josva 22:13-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Men først sende israelittane Pinhas, son til presten Elasar, til rubenittane, gadittane og halvparten av Manasse-stammen, i Gilead.

14. Saman med han sende dei ti leiarar, ein leiar for kvar stamme i Israel. Kvar av dei var den øvste leiaren for sin familie blant Israels mange tusen.

15. Dei kom til rubenittane, gadittane og halvparten av Manasse-stammen i Gilead og tala til dei. Dei sa:

16. Så seier heile Herrens forsamling: Kva er dette for truløyse mot Israels Gud? De vender dykk i dag bort frå Herren ved å byggja eit altar; de set dykk opp mot Herren.

17. Var det ikkje nok med den synda vi gjorde oss skuldige i ved Bet-Peor? Det har vi enno ikkje reinsa oss for, og det har ført ulukke over Herrens forsamling.

18. Og no vil de likevel venda dykk bort frå Herren! Dersom de set dykk opp mot Herren i dag, vil han i morgon visa sin harme mot heile Israels forsamling.

19. Dersom landet de har teke til eigedom, er ureint, så kom over til Herrens eige land, der Herrens bustad står, og ta dykk bustad iblant oss! Men gjer ikkje opprør mot Herren og mot oss ved å byggja dykk eit eige altar i tillegg til altaret for Herren vår Gud.

20. Vart ikkje heile Israels forsamling ramma av Herrens harme den gongen Akan, son til Serah, fór med svik og tok av det som var bannlyst? Og han var ikkje den einaste som måtte døy for den ugjerninga han hadde gjort.

21. Då tok rubenittane, gadittane og halvparten av Manasse-stammen til orde og sa til hovdingane for Israels tusen:

22. Gud over gudane, Herren, Gud over gudane, Herren, han veit det, og Israel skal vita det: Måtte Herren la vera å hjelpa oss i dag om vi i opprør og truløyse mot han

23. hadde bygd oss eit altar for slik å venda oss bort frå Herren! Måtte Herren sjølv straffa oss om det var for å ofra brennoffer eller grødeoffer eller for å bera fram fredsoffer på det. Var det slik, då må Herren straffa oss for det!

24. Nei, vi har gjort det fordi vi kjende uro for at sønene dykkar i framtida ville seia til sønene våre: Kva har de med Herren, Israels Gud, å gjera?

25. Har ikkje Herren sett Jordan til grense mellom oss og dykk rubenittar og gadittar. De har ingen del i Herren. Slik kunne borna dykkar få våre born til å halda opp med å frykta Herren.

26. Difor sa vi: Lat oss gå i gang og byggja eit altar, ikkje til brennoffer og ikkje til slaktoffer,

27. men som eit vitne mellom oss og dykk og dei slektene som kjem etter oss, om at vi vil gjera teneste for Herren med brennoffera, slaktoffera og fredsoffera våre. Så skal ikkje sønene dykkar i morgon seia til våre søner at dei ikkje har del i Herren.

Josva 22