Josva 21:3-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Då gav israelittane av sin eigedom desse byane til levittane, med beitemarker omkring, slik Herren hadde sagt:

4. Først fall loddet på Kehat-slektene. Ved loddkasting fekk etterkomarane blant levittane etter presten Aron tretten byar frå stammane til Juda, Simon og Benjamin.

5. Dei andre Kehat-slektene fekk ved loddkasting ti byar frå slektene i stammane til Efraim og Dan og halvparten av stammen til Manasse.

6. Etterkomarane av Gersjon fekk ved loddkasting tretten byar frå slektene i stammane til Jissakar, Asjer og Naftali og frå den halvparten av stammen til Manasse som budde i Basan.

7. Etterkomarane av Merari, slekt for slekt, fekk tolv byar frå stammane til Ruben, Gad og Sebulon.

8. Desse byane med beitemarker gav israelittane til levittane ved loddkasting, slik Herren hadde sagt gjennom Moses.

Josva 21