Josva 21:10-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Dei vart gjevne til aronittane, som høyrde til Kehats slekt og stamma frå Levi, for loddet fall først på dei.

11. Dei fekk Kirjat-Arba, det er Hebron i fjellandet til Juda, med beitemarker som høyrde til. Arba var stamfar til anakittane.

12. Men åkerjorda og landsbyane som høyrde byen til, gav dei Kaleb, son til Jefunne, som hans eigedom.

13. Etterkomarane av Aron, prestane, fekk desse byane: Hebron, fribyen for drapsmenn, med beitemarker, og Libna med beitemarker,

14. Jattir og Esjtemoa med beitemarker,

15. Holon og Debir med beitemarker,

16. Ajin, Jutta og Bet-Sjemesj med beitemarker, i alt ni byar frå desse to stammane.

17. Frå Benjamin-stammen fekk dei Gibeon og Geba med beitemarker,

18. Anatot og Almon med beitemarker, i alt fire byar.

19. Til saman fekk etterkomarane av Aron, prestane, tretten byar med beitemarkene som høyrde til.

20. Levittane frå dei andre Kehat-slektene fekk ved loddkasting byar frå Efraim-stammen.

21. Dei fekk Sikem i fjellandet til Efraim, som var friby for drapsmenn, med beitemarker som høyrde til, og Geser med beitemarker,

22. Kibsajim og Bet-Horon med beitemarker, i alt fire byar.

23. Frå Dan-stammen fekk dei Elteke og Gibbeton med beitemarker,

24. Ajjalon og Gat-Rimmon med beitemarker, i alt fire byar.

Josva 21