11. Då vi høyrde om det, smelta hjartet vårt bort, og vi mista motet på grunn av dykk. For Herren dykkar Gud er Gud både der oppe i himmelen og her nede på jorda.
12. Sver no ved Herren at de vil vera gode mot familien min, sidan eg har vore god mot dykk. Gjev meg eit truskapsteikn på
13. at de vil la mor mi og far min, brørne og systrene mine og alle i huset deira få leva, og berga livet vårt frå døden.»
14. Då svara mennene: «Med vårt eige liv skal vi svara for dykkar liv, så sant du ikkje lèt nokon få vita om planane våre. Når Herren gjev oss landet, skal vi vera gode og trufaste mot deg.»
15. Så firte ho dei ned frå vindauget med eit reip, for huset hennar gjekk i eitt med bymuren, og ho budde i muren.
16. Ho sa til dei: «Dra opp i fjellet så de ikkje møter dei som forfølgjer dykk. Hald dykk løynde der i tre dagar, til dei som forfølgjer dykk er komne tilbake. Sidan kan de gå dit de skal.»
17. Mennene sa til henne: «På eitt vilkår bind vi oss til den eiden du lét oss sverja:
18. Når vi går inn i landet, skal du binda denne raude snora i vindauget som du firte oss ned frå, og så skal du samla far din og mor di, brørne dine og heile familien din her i huset hos deg.
19. Dersom nokon går ut gjennom døra i huset ditt, skal blodet koma over hans eige hovud, og vi er utan skuld. Men blir det lagt hand på nokon av dei som er inne hos deg, skal blodet hans koma over vårt hovud.
20. Og fortel du nokon om planane våre, er vi løyste frå den eiden du lét oss sverja.»
21. Ho svara: «Det skal bli som de seier.» Så lét ho dei gå. Dei drog av stad, og ho batt den raude snora i vindauget.
22. Mennene gjekk til dei kom opp i fjellet. Der vart dei verande i tre dagar, til dei som forfølgde dei var komne tilbake. Dei hadde leita langsetter heile vegen utan å finna dei.
23. Så tok dei to mennene på heimvegen. Dei gjekk ned frå fjellet, sette over elva og kom til Josva, son til Nun. Dei fortalde han alt det som hadde hendt dei,
24. og sa til Josva: «Herren har gjeve heile landet i våre hender, og alle som bur i landet, skjelv av redsle for oss.»