Josva 2:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Josva, son til Nun, sende i løynd to spionar ut frå Sjittim. Han sa: «Gå og sjå nærare på landet og Jeriko!» Dei gjekk då i veg og tok inn i huset til ei prostituert kvinne som heitte Rahab. Der fekk dei overnatta.

2. Kongen i Jeriko fekk melding om at nokre israelittar var komne om natta for å gjera seg kjende med landet.

3. Då sende han bod til Rahab og sa: «Send ut dei mennene som er komne til deg og har teke inn i huset ditt! For dei er komne for å gjera seg kjende med heile landet.»

4. Kvinna gøymde dei to mennene og svara: «Ja, mennene kom til meg, men eg visste ikkje kvar dei var ifrå.

5. I skumringa, då byporten skulle stengjast, gjekk dei ut, og eg veit ikkje kvar dei tok vegen. Skund dykk etter dei, så kan de ta dei att.»

6. Men ho hadde ført dei opp på taket og gøymt dei under linhalmen som ho hadde breidd utover der.

7. Kongens menn sette etter dei på vegen mot Jordan, ned til vadestadene. Og så snart forfølgjarane var komne ut, vart porten stengd.

8. Før dei hadde lagt seg til å sova, kom Rahab opp på taket

9. og sa til dei: «Eg veit at Herren har gjeve dykk dette landet, og at redsle for dykk har falle over oss. Alle som bur i landet, skjelv for dykk.

10. For vi har høyrt korleis Herren tørka ut vatnet i Sivsjøen framfor dykk då de drog ut frå Egypt, og kva de gjorde med dei to amorittkongane på den andre sida av Jordan, Sihon og Og, som de slo med bann og utsletta.

11. Då vi høyrde om det, smelta hjartet vårt bort, og vi mista motet på grunn av dykk. For Herren dykkar Gud er Gud både der oppe i himmelen og her nede på jorda.

12. Sver no ved Herren at de vil vera gode mot familien min, sidan eg har vore god mot dykk. Gjev meg eit truskapsteikn på

13. at de vil la mor mi og far min, brørne og systrene mine og alle i huset deira få leva, og berga livet vårt frå døden.»

14. Då svara mennene: «Med vårt eige liv skal vi svara for dykkar liv, så sant du ikkje lèt nokon få vita om planane våre. Når Herren gjev oss landet, skal vi vera gode og trufaste mot deg.»

Josva 2