Josva 19:31-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Dette var eigedomen til Asjer-stammen, slekt for slekt, med byar og landsbyar.

32. Det sjette loddet fall på Naftali, på Naftali-stammen, slekt for slekt.

33. Området deira strekte seg frå Helef, frå Elon ved Saanannim, forbi Adami-Hannekeb og Jabneel til Lakkum og heilt fram til Jordan.

34. Der svinga grensa mot vest til Asnot-Tabor og gjekk derifrå til Hukkok. I sør grensa landet til Sebulon, i vest til Asjer og i aust til Jordan.

35. Festningsbyane var Hassiddim, Ser, Hammat, Rakkat, Kinneret,

36. Adama, Rama og Hasor,

37. Kedesj, Edre'i og En-Hasor,

Josva 19