Josva 18:8-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Mennene som skulle gå og skriva ned det dei fann ut om landet, gjorde seg klare til å dra, og Josva sa til dei: «Gå omkring i landet og skriv opp alt de ser! Kom så tilbake til meg, så skal eg kasta lodd for dykk, framfor Herren vår Gud, her i Sjilo.»

9. Mennene gjekk av stad og drog gjennom heile landet. På ein bokrull skreiv dei opp det dei fann ut om byane i dei sju landsdelane. Så gjekk dei tilbake til Josva i leiren ved Sjilo.

10. Og Josva kasta lodd for dei der, framfor Herrens andlet. Der delte Josva landet mellom israelittane, kvar stamme fekk sin del.

11. Det første loddet fall på Benjamin-stammen, slekt for slekt. Dei fekk området mellom stammane til Juda og Josef.

12. Grensa deira mot nord gjekk ut frå Jordan og oppover høgdedraget nord for Jeriko og vidare vestover fjellet fram til ørkenen ved Bet-Aven.

13. Derifrå gjekk grensa sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, det vil seia Betel, og så ned til Atrot-Addar, til fjellet sør for Nedre Bet-Horon.

Josva 18