Josva 16:8-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Frå Tappuah gjekk grensa vestover til Kana-bekken og enda utmed havet. Dette var den delen av landet som Efraim-stammen fekk, slekt for slekt.

9. I tillegg kom alle byane og landsbyane der omkring som vart skilde ut for dei inne på landområdet til Manasse-stammen.

10. Men dei tok ikkje landet frå kanaanearane som budde i Geser. Det bur kanaanearar i Efraim den dag i dag, men dei må gjera tvangsarbeid.

Josva 16