Josva 13:10-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. og alle byane som hadde tilhøyrt amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon, heilt til grensa mot ammonittane;

11. og så Gilead, landet til gesjurittane og maakatittane, heile Hermon-fjellet og Basan like til Salka,

12. heile riket til Basan-kongen Og, som styrte i Asjtarot og Edre'i. Han var den siste som var att av refaittane. Moses hadde slege dei og teke landet deira.

13. Men israelittane tok ikkje landet frå gesjurittane og maakatittane. Dei bur midt i Israel den dag i dag.

14. Det var berre stammen til Levi Moses ikkje gav nokon eigedom. Gåveoffera til Herren, Israels Gud, er deira eigedom, slik som han hadde sagt dei.

15. Moses gav land til Ruben-stammen, slekt for slekt.

16. Dei fekk området frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, og byen midt i dalen, heile høgsletta til Medeba,

17. Hesjbon med alle byane på sletta: Dibon, Bamot-Baal, Bet-Baal-Meon,

18. Jahsa, Kedemot, Mefaat,

19. Kirjatajim, Sibma, Seret-Hasjahar på høgda i dalen,

20. Bet-Peor, Pisga-liene og Bet-Jesjimot,

21. og alle dei andre byane på høgsletta, heile det riket som høyrde til amorittkongen Sihon, han som styrte i Hesjbon. Moses hadde slege han og midjanittfyrstane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba, vasallfyrstar under Sihon, som hadde sete i landet.

22. Israelittane drap òg spåmannen Bileam, son til Beor, med sverd, saman med alle dei andre.

23. Jordan var grensa for området til rubenittane. Dette var eigedomen til rubenittane, slekt for slekt, med byar og landsbyar.

24. Moses gav land til Gad-stammen, altså gadittane, slekt for slekt.

25. Dei fekk området Jaser, alle byane i Gilead og halvparten av landet til ammonittane heilt til Aroer, som ligg midt imot Rabba,

26. området frå Hesjbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahanajim til Debir-distriktet,

27. og i dalen fekk dei Bet-Haram, Bet-Nimra, Sukkot og Safon, det som var att av riket til Sihon, kongen i Hesjbon. Jordan utgjorde grensa, frå enden av Kinneret-sjøen, aust for Jordan.

Josva 13