Josva 12:3-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. og over Jordan-dalen, opp til austsida av Kinneret-sjøen og ned til austsida av Araba-sjøen – som blir kalla Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sørover nedst i Pisga-skråningane.

4. Vidare området til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han hadde sete i Asjtarot og Edre'i

5. og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og maakatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon.

6. Moses, Herrens tenar, og israelittane hadde vunne over desse kongane, og Moses, Herrens tenar, hadde gjeve landet i eige til rubenittane og gadittane og halvparten av stammen til Manasse.

7. Dette er kongane i landet som Josva og israelittane vann over på vestsida av Jordan. Landet frå Baal-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se'ir gav Josva Israel-stammane til eige. Kvar stamme fekk sin del,

8. i fjellandet, i låglandet og på Araba-sletta, i skråningane, i ørkenen og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane.Kongane var:

9. kongen i Jeriko, éin, kongen i Ai ved Betel, éin,

Josva 12