4. «Kom opp og hjelp meg så vi kan slå Gibeon. For dei har slutta fred med Josva og israelittane.»
5. Dei fem amorittkongane, kongane i Jerusalem, Hebron, Jarmut, Lakisj og Eglon, samla seg då og drog dit opp med hærane sine. Dei kringsette Gibeon og gjekk til åtak på byen.
6. Då sende mennene i Gibeon bod til Josva i leiren ved Gilgal og sa: «Slå ikkje handa av tenarane dine! Skund deg opp, berg oss og hjelp oss! For alle amorittkongane som bur i fjellandet, har slege seg saman mot oss.»
7. Josva drog då opp frå Gilgal med heile hæren, alle dei modige krigarane.
8. Herren sa til Josva: «Ver ikkje redd dei, eg gjev dei over i dine hender! Ikkje ein av dei skal greia å stå imot deg.»
9. Josva kom uventa på dei; heile natta hadde han marsjert frå Gilgal.
10. Herren spreidde uro i rekkjene då israelittane kom, og dei gav fienden eit stort nederlag ved Gibeon. Sidan forfølgde israelittane dei på vegen oppover mot Bet-Horon, heilt til Aseka og Makkeda, og hogg dei ned.
11. Då dei hadde rømt for israelittane og var komne til bakken ned frå Bet-Horon, kasta Herren store steinar ned frå himmelen, heile vegen til Aseka, så dei døydde. Dei som vart drepne av haglsteinane, var fleire enn dei som israelittane drap med sverd.
12. På den dagen då Herren gav amorittane i israelittane si hand, tala Josva til Herren. Han sa framfor israelittane:«Sol, stå stille i Gibeon,måne, i Ajjalons dal!»
13. Då stod sola stille og månen stansa til folket fekk teke hemn over fiendane sine.Slik står det skrive i «Boka til den rettvise». Sola stansa midt på himmelen, og ho skunda seg ikkje med å gå ned før ein heil dag var til ende.
14. Aldri, korkje før eller sidan, har det vore ein dag som denne, då Herren bønhøyrde ein mann slik. For Herren førte krig for Israel.
15. Så drog Josva og heile Israel med han tilbake til leiren ved Gilgal.
16. Men dei fem kongane rømde og gøymde seg i hòla ved Makkeda.
17. Då Josva fekk vita at dei fem kongane var funne, og at dei hadde gøymt seg i hòla ved Makkeda,
18. sa han: «Velt store steinar framfor inngangen til hòla og set nokre menn til å halda vakt der.
19. Men sjølve må de ikkje bli verande der. Set etter fiendane og hogg dei ned. Lat dei ikkje koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud har overgjeve dei i dykkar hender.»
20. Josva og israelittane gav dei eit stort nederlag og gjorde ende på dei; berre nokre få overlevde og kom seg inn i festningsbyane.
21. Så drog heile hæren uskadd tilbake til Josva i leiren ved Makkeda. Ingen våga å bruka skarpe ord mot israelittane.
22. Så sa Josva: «Opna inngangen og før desse fem kongane ut av hòla til meg.»
23. Dei så gjorde; dei førte dei fem kongane ut til han frå hòla: kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon.