Josva 10:15-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Så drog Josva og heile Israel med han tilbake til leiren ved Gilgal.

16. Men dei fem kongane rømde og gøymde seg i hòla ved Makkeda.

17. Då Josva fekk vita at dei fem kongane var funne, og at dei hadde gøymt seg i hòla ved Makkeda,

18. sa han: «Velt store steinar framfor inngangen til hòla og set nokre menn til å halda vakt der.

19. Men sjølve må de ikkje bli verande der. Set etter fiendane og hogg dei ned. Lat dei ikkje koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud har overgjeve dei i dykkar hender.»

20. Josva og israelittane gav dei eit stort nederlag og gjorde ende på dei; berre nokre få overlevde og kom seg inn i festningsbyane.

21. Så drog heile hæren uskadd tilbake til Josva i leiren ved Makkeda. Ingen våga å bruka skarpe ord mot israelittane.

22. Så sa Josva: «Opna inngangen og før desse fem kongane ut av hòla til meg.»

23. Dei så gjorde; dei førte dei fem kongane ut til han frå hòla: kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon.

24. Då dei hadde ført kongane ut til Josva, kalla han alle mennene i Israel til seg og sa til hærførarane som hadde følgt han: «Kom hit og set foten på nakken til desse kongane!» Og dei kom fram og sette foten på nakken deira.

25. Josva sa til dei: «Ver ikkje redde og mist ikkje motet! Ver modige og sterke! For slik vil Herren gjera med dei fiendane de kjem i strid med.»

26. Deretter hogg Josva dei ned. Han drap dei og hengde dei opp på fem trepålar, og der vart dei hangande til kvelds.

27. Ved solnedgang baud Josva å ta dei ned frå pålane og kasta dei inn i hòla der dei hadde gøymt seg. Dei la store steinar framfor opninga til hòla, og der ligg dei den dag i dag.

28. Same dagen tok Josva også Makkeda og hogg ned kongen og alle i byen med sverd. Han slo byen med bann og utsletta alt levande der. Han lét ingen overlevande vera att. Med kongen i Makkeda gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

29. Frå Makkeda drog Josva med heile Israel til Libna, og han gjekk til åtak på byen.

30. Herren gav også Libna og kongen der i Israels hender. Josva hogg ned folket og alt levande i byen med sverd. Han lét ingen overlevande vera att. Med kongen gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

31. Frå Libna drog Josva med heile Israel vidare til Lakisj. Han kringsette byen og gjekk til åtak på han.

32. Herren gav Lakisj i hendene på israelittane, og neste dag tok dei byen. Dei hogg ned folket og alt levande i byen med sverd, som dei hadde gjort i Libna.

33. Då drog Horam, kongen i Geser, opp for å hjelpa Lakisj. Men Josva slo både han og hæren hans; han lét ingen overlevande vera att.

34. Frå Lakisj drog Josva med heile Israel vidare til Eglon. Dei kringsette byen og gjekk til åtak på han.

35. Den dagen tok dei byen og hogg alle ned med sverd. På denne dagen slo dei alt levande i byen med bann, slik dei hadde gjort i Lakisj.

Josva 10