Josva 10:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk høyra at Josva hadde teke Ai og slege byen med bann, at han hadde gjort det same med Ai og kongen der som han hadde gjort med Jeriko og kongen der, og at innbyggjarane i Gibeon hadde slutta fred med israelittane og budde midt iblant dei.

2. Då vart han livande redd. For Gibeon var ein stor by, like stor som ein av kongebyane, større enn Ai, og alle mennene der var modige krigarar.

3. Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, sende difor bod til Hoham, kongen i Hebron, til Piram, kongen i Jarmut, til Jafia, kongen i Lakisj, og til Debir, kongen i Eglon, og sa:

4. «Kom opp og hjelp meg så vi kan slå Gibeon. For dei har slutta fred med Josva og israelittane.»

5. Dei fem amorittkongane, kongane i Jerusalem, Hebron, Jarmut, Lakisj og Eglon, samla seg då og drog dit opp med hærane sine. Dei kringsette Gibeon og gjekk til åtak på byen.

Josva 10