44. De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ønskjer. Han har vore ein mordar heilt frå opphavet og står utanfor sanninga; ja, det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein løgnar og far til løgna.
45. Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje.
46. Kven av dykk kan peika på synd hos meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då?
47. Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, for de er ikkje av Gud.»
48. Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier, at du er ein samaritan og har ei vond ånd i deg?»
49. «Eg har inga vond ånd i meg», sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg.
50. Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømmer.
51. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.»
52. Jødane svara: «No skjønar vi at du har ei vond ånd i deg. Abraham og profetane døydde, og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden.
53. Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?»
54. Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud.