Johannes 8:15-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. De dømmer slik menneske gjer; eg dømmer ingen.

16. Men om eg dømmer, så er dommen min gyldig. For eg er ikkje åleine, eg er saman med Far, han som har sendt meg.

17. Og i dykkar eiga lov står det skrive at ei vitneutsegn frå to menneske er gyldig.

18. Eg er den som vitnar om meg sjølv. Far som har sendt meg, vitnar òg om meg.»

19. «Kvar er far din?» spurde dei. Jesus svara: «De kjenner verken meg eller Far min. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg.»

20. Dette sa Jesus medan han sat og underviste ved tempelkista. Men ingen la hand på han, for timen hans var endå ikkje komen.

21. Ein annan gong sa Jesus til dei: «Eg går bort, og de kjem til å leita etter meg; men de skal døy i synda dykkar. Dit eg går, kan ikkje de koma.»

22. Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?»

23. Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda.

24. Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at Eg er, skal de døy i syndene dykkar.»

25. «Kven er du?» spurde dei. «Den eg har sagt dykk frå først av», sa Jesus.

26. «Mykje har eg å seia om dykk og dømma dykk for. Men han som har sendt meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»

Johannes 8