Johannes 7:38-47 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.»

39. Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord.

40. Somme i folkemengda sa då dei høyrde orda hans: «Dette må sanneleg vera profeten.»

41. Andre sa: «Nei, det er Messias.» Då sa nokre: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilea?

42. Seier ikkje Skrifta at Messias skal vera av Davids ætt og koma frå Betlehem, heimbyen til David?»

43. Slik splitta folket seg i flokkar for hans skuld.

44. Somme av dei ville gripa han, men ingen la hand på han.

45. Då vaktene kom att, sa overprestane og farisearane til dei: «Kvifor tok de han ikkje med dykk?»

46. Dei svara: «Aldri har noko menneske tala som han.»

47. «Har de òg late dykk føra vill?» sa farisearane.

Johannes 7