7. Filip svara: «Brød for to hundre denarar er ikkje nok til at kvar av dei kan få eit lite stykke.»
8. Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han:
9. «Det er eit barn her som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?»
10. Då sa Jesus: «Lat folket setja seg.» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var omkring fem tusen.
11. Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der. Like eins delte han ut av fiskane, så mykje dei ville ha.
12. Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Samla saman dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.»