Johannes 6:45-62 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

45. Det står skrive hos profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Far og lærer av han, kjem til meg.

46. Men ingen har sett min Far. Berre han som er frå Gud, har sett Far.

47. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur, har evig liv.

48. Eg er livsens brød.

49. Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde.

50. Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr.

51. Eg er det levande brødet som er kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er kroppen min som eg gjev til liv for verda.»

52. No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss kroppen sin å eta?»

53. Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk.

54. Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.

55. For kroppen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk.

56. Den som et min kropp og drikk mitt blod, blir verande i meg og eg i han.

57. Slik den levande Far har sendt meg og eg har liv ved han, slik skal òg den som et meg, ha liv ved meg.

58. Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen. Det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.»

59. Dette sa han medan han underviste folket i synagogen i Kapernaum.

60. Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: «Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?»

61. Jesus visste med seg at læresveinane hans murra på grunn av dette, og han sa til dei: «Gjer dette at de fell ifrå?

62. Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før?

Johannes 6