Johannes 6:26-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De leitar ikkje etter meg fordi de såg teikn, men fordi de åt av brøda og vart mette.

27. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Far, Gud sjølv, sett sitt segl.»

28. Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?»

29. Jesus svara: «Dette er den gjerninga Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»

30. «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva vil du gjera?

31. Fedrane våre åt manna i øydemarka, som det står skrive: Brød frå himmelen gav han dei å eta.»

32. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen.

33. Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.»

34. Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet.»

35. Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.

36. Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje.

37. Alle dei som Far gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort.

38. For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, han som sende meg.

39. Og det han vil, han som sende meg, er at eg ikkje skal mista nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen.

Johannes 6