20. Men Jesus sa til dei: «Det er eg. Ver ikkje redde!»
21. Dei ville ta han opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til.
22. Dagen etter stod det endå mange menneske att på andre sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre éin båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine.
23. No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet.
24. Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus.
25. Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: «Rabbi, når kom du hit?»
26. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De leitar ikkje etter meg fordi de såg teikn, men fordi de åt av brøda og vart mette.
27. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Far, Gud sjølv, sett sitt segl.»
28. Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?»
29. Jesus svara: «Dette er den gjerninga Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»
30. «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva vil du gjera?
31. Fedrane våre åt manna i øydemarka, som det står skrive: Brød frå himmelen gav han dei å eta.»
32. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen.