Johannes 6:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidan drog Jesus bort til andre sida av Galileasjøen, som òg heiter Tiberiassjøen.

2. Og mykje folk følgde etter han, for dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke.

3. Jesus gjekk opp i fjellet og sette seg der saman med læresveinane sine.

4. Det nærma seg no påske, høgtida til jødane.

5. Då Jesus lyfte blikket og såg at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød så alle desse kan få mat?»

6. Det sa han for å prøva Filip, for han visste sjølv kva han ville gjera.

7. Filip svara: «Brød for to hundre denarar er ikkje nok til at kvar av dei kan få eit lite stykke.»

Johannes 6