1. Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes.
2. No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans.
3. Då tok han ut frå Judea og drog til Galilea igjen.
4. Han måtte dra gjennom Samaria,
5. og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin.