Johannes 3:6-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd.

7. Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’

8. Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.»

9. «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus.

10. Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det?

11. Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår.

12. Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske?

13. Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, {{som er i himmelen}}.

14. Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp,

15. så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

16. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

17. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.

18. Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son.

19. Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde.

Johannes 3