Johannes 3:22-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte.

23. Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa.

24. Dette var før Johannes vart kasta i fengsel.

25. Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga.

26. Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.»

27. Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det blir gjeve han frå himmelen.

28. De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han.

29. Den som har brura, er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, han gleder seg stort når han høyrer røysta til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.

30. Han skal veksa, eg skal minka.

31. Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle.

32. Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitneutsegna hans.

33. Den som tek imot hans vitneutsegn, har skrive under på at Gud talar sant.

34. Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden i fullt mål.

35. Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand.

Johannes 3