1. Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane.
2. Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.»
3. Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.»
4. Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?»
5. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.
6. Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd.
7. Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’
8. Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.»
9. «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus.
10. Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det?
11. Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår.
12. Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske?
13. Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, {{som er i himmelen}}.
14. Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp,
15. så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.
16. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
17. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.