Johannes 21:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberiassjøen, og det gjekk slik til:

2. Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var saman der.

3. Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil ut og fiska.» «Vi blir med deg, vi òg», sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten, men den natta fekk dei ikkje noko.

4. Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han.

5. Jesus sa til dei: «Har de ikkje noko å eta, borna mine?» «Nei», svara dei.

6. «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få», sa han. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått.

7. Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen.

8. Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner.

9. Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne.

Johannes 21