2. Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.»
3. Då tok Peter og den andre læresveinen ut og kom til grava.
4. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang fortare enn Peter og kom først til grava.
5. Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava.
6. Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der,
7. og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg.
8. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde.
9. For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde.
10. Så gjekk læresveinane heim.
11. Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava,
12. fekk ho auge på to kvitkledde englar som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene.
13. «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.»
14. Då ho hadde sagt dette, snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han.
15. «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren, og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så eg kan ta han med meg.»