30. Då Jesus hadde fått vineddiken, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.
31. Det var helgaftan, og kroppane måtte ikkje bli hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina deira måtte knusast og kroppane takast ned.
32. Soldatane kom då og knuste beina, først på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus.
33. Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei knuste ikkje hans bein.
34. Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn.
35. Og han som såg det, har vitna om dette, og vitneutsegna hans er sann. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru.
36. Dette hende for at dette ordet i Skrifta skulle oppfyllast: Ikkje eit bein skal brytast på han.
37. Og eit anna skriftord seier: Dei skal sjå på han som dei har gjennomstunge.
38. Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu kropp. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, for han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned kroppen.
39. Også Nikodemus var der, han som kom til Jesus første gongen om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, omkring hundre pund.
40. Då tok dei Jesu kropp og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken er ved gravferdene til jødane.
41. På den staden der Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav som ingen endå var lagd i.